top of page

Juving i Aura

Gjennom tusenar av år har vatn og is, skore og sprengt seg gjennom berget og skapt dette eventyrlege juvet. Skjerma mot vær og vind, og med vannføring heile året gjev juvet gode vilkår for eit rikt planteliv. Elva Aura har sidan 1919 vore regulert, og frå 1965 vore "tørrlagt". Som fylgje av dette er det jevnt over låg vassføring, noko som gjer det mogleg for dei aller fleste å vandre i juvet.

Ei naturoppleving utan like!      

Utfordringane kan tilpassast den enkelte på alle turane våre. Derfor passar juving for alle. Både for barn og unge, familiar, grupper og adrenalinsøkjande personar. Om det er gråvær eller knallsol er juving like magisk uansett!


Oppmøte ved Aurmo bussplass. Her vert du utstyrt med heildekkjande våtdrakt, våtsokkar, flytevest og hjelm. Alt du treng å ta med er eit ekstra par sko som kan verte våte (joggesko) og ein shorts til å ha utanpå våtdrakta. Helst badeshorts ( glatt stoff) da denne gjev litt betre fart i skliene. Frå bussplassen går vi om lag 1,5 km før vi går ned i juvet.

NB! Du må ha med eigne sko og shorts.

Det er anbefalt å ta med handkle, skift og eventuelt ullundertøy til å ha på under våtdrakta som eit ekstra isolerande lag.

Inkludert

  • Lokalkjend guide

  • 5 mm våtdrakt

  • 3 mm Våtsokker

  • Flytevest

  • Hjelm

Ikkje Inkludert

  • Sko

  • Shorts

klukke.png

Varigheit

1,5 - 4 timar

team.png

Antall deltakarar

1-12 per guide

pris.png

Pris

750 NOK per person

bottom of page